Beskrivelse
Nordnorsk Jazzensemble tek det nye verket «Drevjapulsen» ut på turné i haust. Prosjektet hentar musikalske røter frå Helgeland og møter jazztradisjonen med folkemusikk frå regionen.
Denne gongen er det Liv Andrea Hauge som komponerar musikk til Nordnorsk Jazzensemble. «Drevjapulsen» tek utgangspunkt i jazztradisjonen og kombinerar denne med musikalske element frå drevjapolsen og anna folkemusikk frå Helgeland.
Liv Andrea Hauge er ein av dei mest nyskapande stemmane i norsk jazz i dag, kjend for å bevege seg fritt mellom sjangre og forene jazzens opne formspråk med andre uttrykk.
Helgeland rommar ein rik og særprega folkemusikktradisjon som i liten grad er utforska i møte med moderne improvisasjonsmusikk. Med dette prosjektet løftast desse uttrykka fram i ein ny kunstnerisk samanheng, i eit verk som både ivaretar og fornyar musikalsk arv.
Besetninga består denne gongen av profesjonelle jazzmusikarar og folkemusikarar, alle med bakgrunn frå Nord-Norge:
- Liv Andrea Hauge – tangenter/vokal
- Tor-Petter Aanes – vokal/tangenter, bosted: Korgen
- Hilde Fjerdingøy – torader, bosted: Oslo, fra Svenningdalen
- Jo Einar Jansen – fele, bosted: Målselv, fra Frosta
- Tiril Solvang – cello, bosted: Drevvatn, fra Mosjøen
- Erlend Olderskog Albertsen – saksofon, bosted: Oslo, fra Helgeland
- Atle Nymo – tenorsax, fra Valnesfjord, bosted: Moss
- Kristine Solli Keller – trombone, bosted: Hjelmås, fra Sømna
- Christoffer Nicolai Mathisen – gitar, bosted: Hasvik, fra Leirfjord
- Christo Stangnes – kontrabass, bosted: Bodø, fra Harstad
- Arnfinn Bergrabb – trommer/perkusjon, bosted: Bodø
- Martin Lien – trommer, bosted: Bodø, fra Harstad
Etter konserten vert det pub med jam, servering og god stemning i samfunnshusrestauranten.
Ta med instrument og spelglede!
Alle ungar under 16 kjem gratis inn såframt det er ledig plass, og må ha med ansvarleg vaksen.