Ellika og Rafael

Bilde
Event info

Mellombygdveien 1842
9336 Rundhaug

Åpne i google maps

Description

Eit nært og personlig meistermøte mellom to av dei mest tonesettande og banebrytande folkemusikarane i vårt århundre. Rafael Sida er ein rytmisk allkunstnar, kjent for sin mangsidige leik mellom ulike rytmiske verdar. Ellika er felespillar med ei nærmast trassig nysjerrighet rota i både tradisjonsspelet og den meir eksperimentelle folkemusikkscena. 

«Musik är färg och tid», sa den legendandariske Bingsjöspelmannen Päkkos Gustaf (1916-2000), kjelde og spelkompis av Ellika. For to år sidan kom albumet «Färg och tid», der Ellika og Rafael hyller dansen, polskaspelet og fenomenet tretakt! Her kan vi høyre slektskapet mellom den skandinaviske folkemusikken og den afroamerikanske rytmetradisjonen, to verdener som møtes utan samanstøt. Vi høyrer samspelet mellom to sterke artistar som frå ulike ståstader utforskar og utfordrar slåttar og den rytmiske «svängen». To musikalske språk som heile tida må lytte til kvarandre for å forstå kva den andre seier. 

Ellika Frisell er ein veteran på den svenske folke- og verdsmusikscena. Ho har motteke mange priser for sitt arbeid både som utøvar og pedagog. Nysjerrig og målretta har ho fordjupa seg i, og vidareutvikla, arven etter læremeistrane sine, Thore Härdelin, Päkkos Gustaf og Nils Agenmark. Ho har óg studert hos den indiske fiolinisten K. Shivakumar. For sitt mangeårige samarbeid med koraspelaren Solo Cissokho har ho fått både Manifestprisen, Grammis, BBC World Musik Award og utmerkelsen «Årets grupp» på Folk- och Världmusikgalan. I 2021 mottok ho Kungl. Musikaliska Akademiens prestifjefylte «Store Folkmusikpris» for sin innsats for den svenske folkemusikken. 

Rafael Sida er eit tungt navn innanfor både jazz- og verdensmusikken. Han voks opp i Mexico saman med åtte musikalske brør. Han starta si musikalske reise som trommis i ulike rock- og fusionband på den dynamiske og spennande musikkscena i 60talets Mexico. Han har fått medalje fra Enciclopedia del Rock Mexicano, vunne svenske Grammis, og turnert med artistar som Ale Möller, Bohuslän Big Band, Ellika Frisell og Solo Cissokho. Han har medverka på utgivelser med spennvidda frå Monica Zetterlund til legendariske Hot Salsa, og er i dag etablert som ein nestor i den svenske «svängeliten». 

Alle under 16 år slepper gratis inn på våre arrangement dersom ledig plass og ikkje anna er oppgitt. På kveldsarrangement med skjenking er alle under 18 år kun tillatt saman med ansvarleg vaksen.

Tickets

  • Ellika og Rafael standard
    Standard billett voksen, uten festivalpass
    kr 250,00
  • Choose tickets and finish