Emil Karlsen

Bilde
Event info

Mellombygdveien 1842
9336 Rundhaug

Åpne i google maps

Description

Emil Kárlsen frå Omasvuotna/Storfjord i Troms skriv musikk på nordsamisk, men med eit sound som ikkje er høyrt frå Sápmi flr; eit moderne bandfunament med melodiske vokalar og poetiske tekster, svøpt inn i klassiske strykarar og snurrige soniske univers. 

Til Kalottspel kjem Emil aleine med stemme, joik og gitar. Han har eit sterkt nærvær på scena og ei formidling som fanger publikum inn i fortellinga og musikken. 

Trass sine 25 år har Kárlsen allereie utmerka seg som musikar, låtskrivar, produsent, artist og skodespelar. Debut album hass, «Nagirvárrái» inneheld samarbeid med både Arktisk Filharmoni og anerkjent esamiske artistar som Lávre, Katarina Barruk og Hilde Länsman, i tillegg til gjesteopptredenar av Ella Marie Hætta Isaksen (fra ISÀK) og Àidna. 

Nagirvárrái tyder «til sømnfjellet» og refereret til uttrykket «å dra til sømnfjellet» i stadenfor å berre legge seg å sove. Å sove i Säpmi har i lange tider handla om mykje meir enn berre å restituere; det sette deg i ein tilstand som gjorde det mogleg å få kontakt med andre krefter og dimensjonar. Denne draumeverda er det som har vorte grunnlaget for musikken og tekstene. 

Alle under 16 år slepper gratis inn på våre arrangement dersom ledig plass og ikkje anna er oppgitt. På kveldsarrangement med skjenking er alle under 18 år kun tillatt saman med ansvarleg vaksen.

Tickets

  • Emil Karlsen standard
    Standard billett voksen, uten festivalpass
    kr 300,00
  • Choose tickets and finish