Ethno Arctic og Trøkk på takt

Bilde
Arrangementsinfo

Mellombygdveien 1842
9336 Rundhaug

Åpne i google maps

Beskrivelse

Ethno er eit verdsomspennande fenomen som finns over heile verda. Ethno har funnes i over 30 år, medan Ethno Arctic skjedde for fyrste gong 2021. 

Trøkk på takt er i år eit dansekurs for unge vakse, og skal samarbeide med Ethno og sette saman eit heilhetleg program til torsdagskonserten. 

I år samlast altså unge musikarar og dansarar frå heile verda i Målselv for å dele og utveksle musikk og bevegelse. På torsdagen delar dei det dei har jobba med med oss i publikum. 

Vi kan ikkje tenke oss ein betre start på årets Kalottspel enn å invitere Ethno Arctic og Trøkk på takt til å dra festen i gong etter den offisielle opninga. Her blir det spel- og danseglede, musikalitet og skaperglede i konsentrert form. Kanskje vil vi oppleve både kjente toner og kanskje sjå nokre kjente fjes, og vi vil garantert høyre noko ingen av oss har høyrt før. 

Velkommen til ein konsert med ny, ung musikk og dans av beste klasse! 

 

NB: Konserten er inkludert i festivalpasset
Ungar under 16 år kjem gratis inn såframt det er plass. 

Billetter

  • Vaksen
    200,00 kr
  • Velg billetter og fullfør