GLØD

Bilde
Arrangementsinfo

Mellombygdveien 1842
9336 Rundhaug

Åpne i google maps

Beskrivelse

I 2009 hadde tangoorkesteret Glød sin første konsert. Hovuda bak prosjektet er landsdelsmusikarane Lena Jinnegren og Bendik Lund Haanshus i gruppa Fotefar. Glød er eitt av deira musikalske hjartebarn, der Lena i all hovudsak har skrive låtane. Bendik står bak dei spenstige arrangementa som er med på å gje musikken sitt heilt særeigne uttrykk.

På turneen i 2026 har dei òg fått med seg felespelar i Fotefar, Ragnhild Furebotten, og med cello, kontrabass og piano frå kollegaene deira i Harstad vert dette nærast eit reint landsdelsmusikarband. Unntaket er den svenske folkemusikaren Olle Linder, som bidreg med både mandola og slagverk. Resultatet vert ein Glød-kveld der tango og nordisk folkemusikk får blande seg i ein herleg symbiose.

Tekstane til Lena svingar innom ulike sider ved det livet byr på, der både frustrasjon, humor, sorg og kjærleik kjem til uttrykk. Som Lena sjølv seier, har alle sinnelag si eiga kraft, si eiga glød. Og det er denne gløden som er inspirasjonen til dette konseptet. Tango er ein fantastisk sjanger når det gjeld å formidle uttrykk og kjensler. For det vert tango. Tango frå nord – heftig, elegant, kraftfull og inderleg, og med GLØD unnfanga under ein arktisk himmel.

Lena Jinnegren – song

Bendik Lund Haanshus – gitarar

Ragnhild Furebotten – feler

Runa Bergsmo – cello

Knut Erik Sundquist – kontrabass

Kristian Ofstad Lindberg – piano

Olle Linder – slagverk

Billetter

  • Standard billett vaksen
    NOK 300.00
  • Velg billetter og fullfør