Beskrivelse
Program:
12.00: Lunsj/open kafé
12:30-13:00 Opning av seminar
13:00-15:30 Fagseminar om Johan Nymo og Målselvs kulturidentitet
16:00 Muligheitar for å kjøpe seg middag
17:00 Opning av Kalottspel og konsertar
Kulturpersonligheita og tonane som forma bygda og folkemusikken – historia om Johan Nymo
Han påvirka og forma målselvkulturen meir enn nokon andre i si samtid. No skal Johan Nymo fram i lyset gjennom eit eget seminar.
Gjennom sitt 89 år lange liv fra 1908 til 1997 markerte han seg på fleire områdar, og mest kjend er han nok for sitt virke for målsaka og for den målselvrotfesta folkemusikken.
I 1947 var han med på å skipe Målselv mållag, og gjennom sin årelange kamp for målselvmålet og nynorsken var han òg leder av Troms mållag i ein periode i 1970-åra.
På folkemusikksida fikk han i 1949 samla ein gjeng spelemenn som vart til det stadig eksisterande og livskraftige Målselv spelmannslag, og seinare gjorde han eit betydeleg innsamlingsarbeid gjennom å sykle rundt i Målselv for å samle inn og feste slåtter og spelemannsintervju til bånd.
I 1970 tok han også initiativ til å samle spelemenn fra Nordkalotten til det som vart forløparen til Kalottspel.
Hans virke som lærer ga òg grobunn for kulturutbredelse i hans ånd, og som aktiv skiløpar og skyttar gjorde han seg òg bemerka.
Foto: Gunn H. Schønning