Kalottspelkonserten: Hekate

Bilde
Event info

Mellombygdveien 1842
9336 Rundhaug

Åpne i google maps

Description

Hekate er hovedartist under Kalottspelkonserten 2025. 

Kalottspelkonserten er som vanlig todelt, og i første halvdel får vi et gjensyn med noen artister som har deltatt på Kalottspeluka, og vi får kanskje noen overraskelser.

Hekate (NO) er ein vokaltrio beståande av Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen, tre songarar som alle har utmerka seg som soloartistar på den norske musikkscena. No har dei slått seg saman for å ta den tradisjonelle dansemusikken i ein ny retning med kompromisslaus kveding i klubbsetting. Med materiale frå heile landet som utgangspunkt, tek dei slåttemusikken på nye vegar gjennom improvisasjon, kraftfulle klangar og heftig tramp. Målet er at publikum ikkje har sjans til å stå stille når dei sett i gang.

Dei hadde sin debutkonsert på Tuvas Blodklubb på Riksscenen, og skapte der eit rom med dans, lytting og begeistring for slåttemusikken. Sidan då har dei vore eit heitt samtaleemne i folkemusikkmiljøet i Norge og spelt på m.a Motvindfestivalen, Hausmania Kulturhus, Columbi Egg og Folkelarm. Mange såg dei kanskje i beste sendtetid på Lindmo på NRK i mars i fjor. 

Dei slepp sitt debutalbum på Grappa/ Heilo i juni 2025, med Martin Langlie som produsent.

Hekate er:

Malin Alander frå Nordfjord er ma. Kjent frå trioen Aurom, som tidlegare har hatt ein nærast magisk konsert i grotta på Rundhaugen. Ho har ein duo med Ole Nilsen, som m.a har markert seg med si tolking av Draumkvedet. Ho er ein ettertrakta solist og ensemblesongar, og har vunne landskappleiken. 

Silje Risdal Liahagen frå Halliingdal er songar, skodespelar og dansar med mange jern i ilden. Ho er kjent frå m.a Kvedarkvintetten, som denne våren kom ut med albumet «Tagal». Ho dansar i Mamelukk Dansekompani, og er å sjå og høyre i mange ulike produksjonar på scener omkring i verda. Endeleg kjem ho til Kalottspel! 

Synnøve Brøndbo Plassen er kvedaren frå Folldal som slo gjennom med eit brak på den norske vokalscena. I fjor var ho på Kalottspel i samspel med Bendik Qvam, ein duo som nyleg har komme med nytt album, sjekk ut! Ho har gitt eit heil album med slåttetralling, og delteke i mange spennande samspelsprosjelt. Ho har vunne landskappleiken. 

Alle under 16 år slepper gratis inn på våre arrangement dersom ledig plass og ikkje anna er oppgitt. På kveldsarrangement med skjenking er alle under 18 år kun tillatt saman med ansvarleg vaksen.

Tickets

  • Kalottspelkonserten: Hekate standard
    Standard billett voksen, uten festivalpass
    kr 300,00
  • Choose tickets and finish