Description
I 2017 var Mäsä Duo på Kalottspel og spelte bakoversveis på publikum. Nå er dei ute med sitt tredje album og kjem tilbake for å lage stemning på opningskvelden!
Mäsä Duo oppstod i 2014, i baksetet på bussen til Folklandia Cruise (eit gedigent 23 timers folkemusikk- og folkedans cruise i Finland). Musikarane i baksetet var einige om at dette fungerte bra, kvifor ikkje spele saman? Sidan da har dei spelt på uttalige ulike arenaer, frå barnedåp til bryllup, samfunnshus og festivaler. Dei har turnert Finland på kryss og tvers, i Austerrike og Sveits.
Debutalbumet ”Eläköön” i 2017 vart kåra til finlands beste folkemusikkalbum det året, og førte bandet til topps i Konsta Kyhlä competition under Kaustinenfestivalen same året, ei konkurranse for små folkemusikkensemble. Året etter representerte dei Finland på festival i Uzbekistan/Samarkand, eit av dei største musikkarrangementa i det sentrale Asia. I 2020 kom oppfølgeralbumet ”Kutsumattomat”, og nå er altså tredejalbumet ”Hyppööllä” her.
Mäsä Duo har sidan starten hatt ein solid og trufast besetning, beståande av Lauri Kotamäki (treradar og song) og Kyösti Järvelä (fele og song). Dei lover både fart og spaning, polka, dårlege vitsar, og sjølvsagt vil dei vise fram den sensitive sida til den finske mannen.
-We have been waiting for Målselv and now it´s happening, are you ready??