Óme

Bilde
Arrangementsinfo
  • Torsdag 06 august 2026
  • 21:00 - 22:00

Målselv
Mellombygdveien 1842
Rundhaug

Åpne i google maps

Beskrivelse

Duett som gir gjenklang. 

Óme møtast dans og musikk i ein duett mellom folkemusikeren Sivert Holmen og dansekunstnaren Silje Onstad Hålien. Saman utforskar dei det detaljrike møtet mellom dans og musikk, og mellom det folkemusikalske uttrykket og det meir moderne og improviserte. Korleis fyller tonene frå fela rommet så det ljomer/omer, og kva heng igjen når dansen trår klangen vidare? Kva kling, og kva gjer det med oss?

Silje Onstad Hålien vart som første kvinnelege dansar tildelt heidersprisen “Årets folkemusikar” under FolkeLarm i 2015. Ho er koreograf og kunstnerisk leiar for kompaniet Villniss, og er sentral i å utvikle det sceniske feltet innan tradisjonsdans. 

Sivert Holmen er ein anerkjent spelemann, både på hardingfele og 10-strengsfela “hardanger d’amore”. I musikken hans møter Valdrestradisjoner impulser frå samtidsmusikk og moderne komposisjonsmusikk. Holmen har mottatt fleire prisar, han vann Fanitulltevlinga 2022 og har fleire topplasseringar på Landskappleiken.

NB: Forestillinga er inkludert i festivalpasset
Ungar under 16 år kjem gratis inn såframt det er plass. 

Billetter

  • Vaksen
    250,00 kr
  • Velg billetter og fullfør