Beskrivelse
Nina Fjeldet er ei kvinne i sin beste alder. Saman med fela reiser ho gjennom livet og møter folk og historier langs vegen. I forteljarkonserten «Ômvesla» tek ho publikum med på ei reise frå Gudbrandsdalen til Indre Troms, via Palmehaven i Trondheim, konsentrasjonsleiren Auschwitz, og langs landevegen med romanifolket. På vegen møtes fridom og forfølgelse, framskritt og fattigdom, felespel og forteljarglede. Og som ein raud tråd står folket midt i verda og gjer så godt dei kan.