Simon Issát Marainen

Bilde
Arrangementsinfo

Beskrivelse

Simon Issát Marainen er kjend som ein av dei største samtidige tradisjonelle jojkarane i Sápmi. Uttrykket hans er djupt rota og kompromisslaust samisk. Han blir sagt å kunne røre seg uhindra mellom vestlege tonar og 1000 år gamal tradisjon, og blir skildra som ein brei og djup røystkunstnar.

Simon Issát er òg reindriftsutøvar i Sárevuopmi, tidlegare Saarivuoma sameby. Han har òg verka som skodespelar innan både film og teater, og kjem frå Vuolle Sohpar/Nedre Soppero på svensk side av Sápmi.

NB: Konserten er inkludert i festivalpasset.
Ungar under 16 år kjem gratis inn såframt det er ledig plass. 

Billetter

  • Vaksen
    250,00 kr
  • Velg billetter og fullfør