Johanna-Adele Jüssi trio - Slåtter fra Gaupdalen V

Bilde
Arrangementsinfo

Mellombygdveien 1842
9336 Rundhaug

Åpne i google maps

Beskrivelse

Ny musikk frå Gaupdalen!

Vår eigen Johanna-Adele Jüssi tek med seg sine to bandkameratar tilbake til Målselv og spelar heilt ny Gaupdalsmusikk for oss på Mellembygd Samfunnshus. 

Den utopiske Gaupdalen kom til Johanna gjennom en drøm. Gaupdalen er et imaginært rike som Johanna mentalt teleporterar seg når ho opptrer og komponerar. Det er ein visjonær stad. Eit utopisk puslespelsatt saman frå mange av dei nordeuropeiske regionane ho har reist gjennom. Det betyr at alt høyres kjend ut, men likevel aldri heilt som noko du har høyrt før. 

Dette vert det femte albumet med tradisjonsmusikk frå Gaupdalen. Vi er glade for at Johanna tek med seg konsepet, bandet og musikken tilbake til Målselv, slik at vi får vere med på Gaupdalsreisen!

Trioen, beståande av Bendik Lund Haanshus og Christo Stangness, skapar musikk som ber dei hjartevarmande melodiane fra folkemusikkens sjel, og gjer eit lydbilde som er både kjend og unikt. Etter å ha utforska forskjellige folketradisjonar, stiller Jüssi spørsmål ved kva tradisjon betyr for ei sjel som stadig er på vandring. I Gaupdalen vekkes tradisjonar til live ettersom påvirkningar stadig vevast saman.

Trioen byr på delikate og vellagde komposisjonar som fremhevar deira unike stemme, inspirert av norsk og estisk folkemusikk, jazz og elektronika. Gaupdalens gledesfylte atmosfære gjennomsyrar trioens musikk. På turné sprer Jüssi konseptet ved å dele ut lokalavisa "Gaupdalsposten" og det går an å kjøpe økologiske gulrotfrø (alle skal ha moglegheit til å ta vare på matberedskapen!). Sjølv om Gaupdalen er ein fiksjon, skapar varmen og ærligheten i Jüssis musikk ein åpent og innbydande stad for alle. 

Billetter

  • Standard vaksen
    NOK 300.00
  • Velg billetter og fullfør